Mitt foto
Lærarstudent og glad i Jesus! :)

onsdag 4. august 2010

Kali spera!


Me nyte livet på Santorini med sol, sjø, glovarme strender og god mat! Me har dansa Zorbas dans,knust tallerkenar og sitt på solnedgangen i den flotte byen Oia! Nå e d snart på tide å vekka dei så fremdeles sove og koma seg på strandå!;-) Ha d fint hima! Opaa!:-D

tirsdag 13. juli 2010

Frimodig, eg?

Nokon er veldig frimodige når det gjeld å snakke om Jesus. Eg vil vere det. Men eg er det ikkje. Alle kan jo ikkje vere frimodige. Eller? Jo, alle kan vere det. Eg er ei pingle, det skal eg innrømme. Når det gjeld å snakke med andre om Jesus er eg ei pingle med stor P. Eg er redd for å dumme meg ut, eg veit ikkje heilt korleis eg skal ordleggje meg. Kva om eg skremmer dei eg snakkar med vekk?

Eg prøver jo å vise nestekjærleik. Er ikkje det nok da? Eg les ei bok akkurat no som heiter "90 minutter i himmelen". Den er skriven av ein pastor som vart utsatt for ei alvorleg trafikkulykke, der han var død i 90 minuttar. I løpet av desse minuttane fekk han eit glimt av korleis det var i Himmelen. Då han lå daud i bilvraket var det ein som kom køyrande som fekk beskjed frå Gud at han skulle be for mannen, noko han gjorde. Seinare har pastoren ein samtale med denne mannen, som plutselig byrjar å gråte. Don, som pastoren heiter, spør mannen kvifor han gret. Då svarer han: "Hør på meg, Don. Hvis du så en liten gutt som løp ut på gaten, ville du skynde deg etter og redde livet hans. Menneskenaturen er slik. Vi prøver å bevare liv, og jeg gjør det igjen hvis jeg får anledning til det." Dei sat på ein restaurant då dei hadde denne samtalen, og mannen sa vidare: "Her sitter vi omgitt av mennesker. Mange av dem er muligens fortapt og går til helvete, og vi sier ikke et ord om hvordan de kan få evig liv. Det er noe galt med oss." Don seier seg einig, vi er villige til å "redde et menneske i en synlig krise, men mange mennesker er i åndelig krise, og vi sier ikke et ord om hvordan de kan komme ut av den."

Denne delen av boka talte veldig direkte til meg. Det er så mange menneske som treng å høyre om Jesus. Eg er heldig som kjenner Jesus. Kvifor gjer eg ikkje meir for at andre skal få ta del i denne herligheten? Denne bloggen er ei oppfordring, like mykje til meg sjølv som til dykk, om å bli meir frimodige. Vi må våge å vise kven vi høyrer til, og kva han har gjort for alle mennesker. Kva har vi å tape? Ingenting. Det beste som kan skje er at fleire finn vegen til Himmelen. Eg seier ikkje at det er lett. Men ein stad må vi byrje. Kast bort menneskefrykten og set Jesus i sentrum. Då vil ting byrje å skje!

No som eg sat og skreiv denne bloggen dukka det "tilfeldigvis" opp ein song på Spotify. Songen heiter "Here I go again". Høyr godt etter på teksten. Våg å vere frimodig.



What am I so afraid of?
How then will he know
What he has never heard?
(Casting Crowns)

fredag 9. juli 2010

Du er ein blome i Guds hage

"Du er ein blome i Guds hage,
så fargerik og fin.
Og blant mimosar og syriner
er det denne plassen som er din.
Du ska’kje flyttast eller fjernast,
du e’kje kun til bry.
Du ska’kje kvelast eller skjulast,
men stå i blomst og vere DU."

tirsdag 6. juli 2010

mandag 5. juli 2010

Gud er med deg:)

Herren din Gud er hos deg,
en helt som har makt til å frelse.
Han gleder og fryder seg over deg
og gir deg på ny sin kjærlighet.
Han jubler over deg med fryd
som på en høytidsdag.
Sef. 3,17

torsdag 1. juli 2010

Velsignelse

På veggen på skulen min står det skriven ei flott velsigning frå det 4. århundre. Då vi hadde avslutning med klassen før ferien, fekk alle delt ut kvart sitt bokmerke med denne velsigninga på. Eg syns den er så fin at eg vil dele den med dykk.

Velsignelse
Fra det 4. århundre

Herren være foran deg,
for å vise deg
den rette vei!

Herren være ved siden av deg,
for å lukke deg inn
i sine armer
og beskytte deg!

Herren være bak deg,
for å bevare deg
for menneskers ondskap!

Herren være under deg,
for å fange deg opp
når du faller og redde deg ut
av snarene!

Herren være i deg,
for å trøste deg
når du har det vondt!

Herren være over deg,
for å velsigne deg!

onsdag 30. juni 2010

Everything

Det er ikkje like lett å vere ein kristen alltid. Det er så mykje som lokkar og dreg meg vekk frå Jesus. Alt Jesus ønsker er å vere saman med meg og deg, og han står med utstrekte armar for å ta i mot oss når vi vil! Sjå på videoen nedanfor, den viser på ein utruleg sterk måte forholdet mellom oss og Jesus. Lifehouse syng sangen "Everything" i denne videoen. Refrenget har du her:

Cause you're all I want, You're all I need
You're everything,everything

You're all I want

your all I need
You're everything, everything.
You're all I want you're all I need.
You're everything, everything
You're all I want you're all I need, you're everything, everything.

Dette er noko eg ønsker å seie til Jesus. Sjølv om det ikkje bestandig er like lett å seie med eit heilt hjarte. Difor er det utrulig godt å vite at Jesus seier det til oss. Med heilt hjarte. Igjen... Og igjen... Og igjen.. Og igjen.

http://www.youtube.com/watch?v=lSwCOs-uXzU&feature=related

Sommaren har lett for å bli ei tørketid i forhold til Gud, det erfarar i alle fall eg år etter år. Derfor er det utruleg viktig å setje av litt tid til Gud også i ferien. Når du har sett videoen kan du gjerne setje deg ned og be litt, det er ikkje noko Gud ønsker meir enn tid saman med deg, som han elskar så utruleg høgt!

Guds fred! :)