Mitt foto
Lærarstudent og glad i Jesus! :)

mandag 1. mars 2010

Ferie. Ferie. Ferie. Sa eg ferie?

Eg har vinterferie. Ædda bædda til deg som ikkje har det! Eg måtte berre gni det inn...


Etter tre veker praksis i 8. klasse, kunne eg på fredag endeleg ta ein velfortjent ferie (fint ord!) og setje meg på bussen sørover. Første stopp var Rød og Solgry, der eg tilbrakte helga saman med ca. 77 (etter Nils Ove si oppteljing) 5. - 7. klassingar og ein flott ledargjeng. På laurdagen var det duka for Solgry-OL, der Japan gjekk av med ein velfortjent siger!


Å sove er visst oppskrytt på leir. Når ein er gut er det mykje kjekkare å hoppe ut vindauget og lure seg inn på jenteromma. Eller motsatt. Når ein høyrer ledarane ute i gongen er det berre å gøyme seg under senga eller benken, inni skapet eller kanskje innpå badet. To av gutane var ikkje på romma sine, og vi var innom alle jenteromma der jentene var vakne. Det skulle derimot vise seg at dei to rømlingane befann seg på eit rom der jentene snorksov... Desse karane hadde visst gløymd å krype fram frå senga og benken att når ledarane var gått... Klokka 4 - halv 5, kunne eg endeleg krype under dyna, og sovne vel vitande om at 4 timar seinare var det tid for frukost.


Etter ei kjekk helg med lite søvn var det godt å kome heim til mamma og pappa! Det skal bli deilig å berre slappe av og kose meg med praksisoppgåve denne veka... I dag har eg endeleg søkt på fag til neste år, i siste liten sjølvsagt. Mest sannsynleg endar eg opp med KRL årsstudium på NLA i Sandviken. Eg trur det kan bli kjekt! :)


Ikkje så veldig spennande blogginnlegg, kanskje... Men du har i alle fall blitt litt meir oppdatert på kva som skjer i livet mitt for tida. Eit oppsummerande stikkord kan vere FERIE! ;)


Ha ei fin (ferie)veke! :)


Ei lita oppgåve: Kor mange ganger finn du ordet ferie i dette blogginnlegget?

1 kommentarer:

Frk. Pedersen sa...

Hahaha.... ELSKER ferie;-)