Eg prøver jo å vise nestekjærleik. Er ikkje det nok da? Eg les ei bok akkurat no som heiter "90 minutter i himmelen". Den er skriven av ein pastor som vart utsatt for ei alvorleg trafikkulykke, der han var død i 90 minuttar. I løpet av desse minuttane fekk han eit glimt av korleis det var i Himmelen. Då han lå daud i bilvraket var det ein som kom køyrande som fekk beskjed frå Gud at han skulle be for mannen, noko han gjorde. Seinare har pastoren ein samtale med denne mannen, som plutselig byrjar å gråte. Don, som pastoren heiter, spør mannen kvifor han gret. Då svarer han: "Hør på meg, Don. Hvis du så en liten gutt som løp ut på gaten, ville du skynde deg etter og redde livet hans. Menneskenaturen er slik. Vi prøver å bevare liv, og jeg gjør det igjen hvis jeg får anledning til det." Dei sat på ein restaurant då dei hadde denne samtalen, og mannen sa vidare: "Her sitter vi omgitt av mennesker. Mange av dem er muligens fortapt og går til helvete, og vi sier ikke et ord om hvordan de kan få evig liv. Det er noe galt med oss." Don seier seg einig, vi er villige til å "redde et menneske i en synlig krise, men mange mennesker er i åndelig krise, og vi sier ikke et ord om hvordan de kan komme ut av den."
Denne delen av boka talte veldig direkte til meg. Det er så mange menneske som treng å høyre om Jesus. Eg er heldig som kjenner Jesus. Kvifor gjer eg ikkje meir for at andre skal få ta del i denne herligheten? Denne bloggen er ei oppfordring, like mykje til meg sjølv som til dykk, om å bli meir frimodige. Vi må våge å vise kven vi høyrer til, og kva han har gjort for alle mennesker. Kva har vi å tape? Ingenting. Det beste som kan skje er at fleire finn vegen til Himmelen. Eg seier ikkje at det er lett. Men ein stad må vi byrje. Kast bort menneskefrykten og set Jesus i sentrum. Då vil ting byrje å skje!
No som eg sat og skreiv denne bloggen dukka det "tilfeldigvis" opp ein song på Spotify. Songen heiter "Here I go again". Høyr godt etter på teksten. Våg å vere frimodig.
What am I so afraid of?
How then will he know
What he has never heard?
(Casting Crowns)

2 kommentarer:
Helt riktig det du skriver. Norge sender ut misjonærer til så mange andre land, til tross for at vårt eget land er i en avkristningsprossess, og har et STORT behov for frimodige kristne som tør å fortelle om hva vi tror på (=JESUS)! I am with you! Og jeg låner gjerne den boka av deg! :)
Amen , sister! :)
Legg inn en kommentar